Nye topplasseringar på Liatoppen

Nye flotte prestasjonar: Oda Svarstad Hole, Inger Hjelmeset og Katrine Svarstad Heggdal etter løpet laurdag. 

Nyhende

Markane sine 12-årsjenter held fram å imponere i løypene på Liatoppen. Alle tre frå vinnarlaget på stafetten i går kom langt opp på resultatlista også i det første individuelle løpet.

Best vart Inger Hjelmeset med 2. plass, 9 sekund vak vinnaren. Hakk i hæl på 3. plass kom lagveninna Katrine Svarstad Heggdal og på ein fin 15. plass kom Oda Svarstad Hole. Hjelmeset og Heggdal hadde tre bom medan Hole hadde ein.

Fleire lokale løparar skal i sving utover dagen og Fjordingen følgjer opp med fleire resultat frå det som blir kalla "verdas største skiskyttarmønstring", med totalt over tusen deltakarar.