Kontroll ved Stryn skisenter

Små barn på fanget til andre passasjerar

Nyhende

Politiet i Stryn gjennomførte laurdag føremiddag promillekontroll ved Stryn Vinterski. Ingen av dei 67 kontrollerte hadde utslag. Derimot vart det ein anmeldelse for to små barn som sat på fanget til andre passasjerar,i staden for å vere sikra på skikkeleg måte.

- Ikkje bra, seier politibetjent Eirik Krossen.