UKM - Ung Kultur Møtes

Spente, lokale aktørar til Høyanger

Foto: Anders Flore hadde all grunn til å smile etter mønstringa i Stryn der han gjekk vidare med to foto. Det eine av veninna i solnedgang på fjellet.  Foto: Inge Fænn

Song: Truls Bakke Flåm er ein av tolv aktørar frå indre Nordfjord som deltek. Han skal synge og spele The story.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Denne helga er det klart for UKM-festivalen for fylket, og frå Stryn og Hornindal stiller til saman tolv håpefulle aktørar med scene- eller kunstbidrag.

Det heile føregår i Høyanger og i løpet av festivalhelga skal ungdomane delta på sceneframsyningar og utstillingar som er opne for publikum.

Truls Bakke Flåm frå Hornindal og Anders Flore frå Stryn er to av dei tolv som vart sendt vidare frå mønstringa i Stryn.

– Eg håpar det blir ei oppleving eg aldri vil gløyme. Eg veit ikkje om eg vil ta meg til landsfinalen, men det er greit for det det er så mange flinke som er med, seier Flåm (13). Han skal framføre låta «The Story».

Anders Flore stiller med to foto på utstillinga.

– Forventningane mine er god stemning, kjekke aktivitetar og at eg får lære noko nytt, nokre nye foto- triks. Eg håpar sjølvsagt på at eit av bilda mine kjem vidare til landsfestivalen. Det er jo kjekt å få vise fram noko ein er stolt av til andre, seier Flore.

Fokus på møteplass

Sidan etableringa av UKM i 1987 har både namnet og innhaldet endra seg. UKM står i dag for Ung Kultur Møtes, medan det tidlegare var forkorting for Ungdommens Kulturmønstring. Det er no eit større fokus på at dette er ein møteplass, og det speglar seg også att i det allsidige programmet, med langt meir enn dei tradisjonelle publikumsførestillingane. Det blir mellom anna work-shops i dans, låtskriving og foto og redigering.

Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdomar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Media kan gå vidare.

Lokale aktørar i Høyanger:

Scene Stryn:

Sindre Vinsrygg Steen

Marius Arntsen

Gymnastic Dancers v/ Ingeborg Lunde og Ugne Dambraskaite

Scene Hornindal:

Truls Bakke Flåm

Andreas Lødøen

Stella B. Poland

Utstilling Stryn:

Anders Flore

Tonning skule v/Mats S.Hopland og Anya Wu Min Heggdal

Utstilling Hornindal:

Rita Hamre Lødemel

Sonja Holmøy-Wang