Marka-tausene held fram å imponere

Inger heilt til topps på avslutningsdagen

Jubeldag: Inger Hjelmeset frå Markane IL best av alle 12-årsjentene på Liatoppen! 

Tette duellar: 11-åringane Ola Svidal og Rasmus Loen har hatt mange duellar i sporet gjennom heile vinteren. Så også på Liatoppen. Laurdag skilte det berre eitt sekund i Svidal sin favør. Søndag var det Loen sin tur å vere først. 

Her ser vi Thea Dispen Lødemel i flott driv gjennom løypa. Ho går i klasse jenter 11 år. 

Nyhende

Særleg jentene frå Markane IL har lagt bak seg nokre flotte løp på skiskyttarfestivalen på Liatoppen. Og den siste konkurransedagen er ikkje noko unntak!

Inger Hjelmeset gjekk lik så godt heilt til topps blant jenter 12 år. Lagveninnene Katrine Svarstad Heggdal og Oda Svarstad Hole følgde opp med flott 7. og 10. plass. Hole med feilfri skyting, medan Hjelmeset og Heggdal fekk henhaldsvis ein og tre bom.

Også 12- og 13-åringane Jonas Rand Hopland frå Hardbagg IL og Torje Seljeset frå Markane IL, fekk til knalløp på avslutningsdagen. Hopland hadde feilfri skyting og enda på ein fin 12. plass. Den plasseringa fekk også Seljeset.

Men dagen er langt frå unna, og mange lokale løparar stiller i favorittsjiktet i fleire klassar. Fjordingen held dykk oppdatert frå "verdas største skiskyttarmønstring" for aldersbestemte løparar.