Kårar Nordfjord sin mest trafikksikre russebil

Frå fjorårets kåring av Nordfjord sin sikraste russebil: Jonas Lunde Sætre, Magnus Aaning Buntemeyer, Nicklas Øen, Lars Erik Telseth, Daniel Lødemel, Ivar Kirkhorn, Espen Haugen og Thomas Nygård frå Stryn vidaregåande skule. Ann Serina Hagen overrekte premien til vinnarane.   Foto: Nordfjord Trafikkstasjon

Nyhende

Statens vegvesen set også i år fokus på trafikksikkerheit for russen, og ønskjer alle med russebil velkomne til årets kåring av Nordfjord sin mest trafikksikre russebil. Arrangementet går over sju dagar frå 18. april, dette for at dei som får manglar (ikkje stettar krava til ”oblat”), kan få høve til å rette opp desse til kåringa torsdag 26. april.

Premieane er 1. plass kr 3000,- 2. plass kr 2000,- 3. plass kr 1000,

Russebileigarane må ta kontakt med trafikkstasjonen på Nordfjordeid for å få time til gjennomgang av russebilen.

- nVi oppmodar alle eigarar/medeigarar av russebilen møter opp og blir med på gjennomgangen, skriv Statens vegvesen i invitasjonen til russebileigarane.