Liatoppen skiskyttarfestival

Også Ann Kristin med toppløp

I toppen: Denne trioen kan sjå tilbake på flotte dagar på Liatoppen. Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, med pallplass laurdag, Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, med fjerdeplass søndag og det same til Emilie Flo Stavik, Markane. 

Nyhende

Ann Kristin Aaland (14) kunne også reise heim frå Liatoppen med smil om munnen søndag. Hardbagg-løparen avslutta helga med fjerdeplass i den harde konkurransen mot nokre av landets beste i årsklassen. Aaland var berre 13 sekund frå sigeren og fattige seks sekund unna pallen etter eit løp med feilfri skyting.

Også Emilie Flo Stavik (15) fekk ein knallsterk 4. plass på den avsluttande fellesstarten søndag. Også ho nærme pallen. I same klasse vart gårsdagens tredjemann, Maren Hjelmeset Kirkeeide, nummer sju. Hedda Garlid Hilde med ny sterk skyting og 14. plass. Alle tre frå Markane IL.

16 år gamle Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg, gjorde igjen eit godt løp. Ho vart nummer 8, og då med fire utlendingar føre seg på lista.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (13) fekk også med seg ei flott plassering. Ho vart i dag nummer sju. I same klasse vart Sara Annie B. Aarnes 18 og Mari Sofi Meland 22. Alle frå Markane IL. 

Oskar Guddal Breivik (16), Markane IL, fekk ein fin 17. plass. Igjen litt for mange bom til å hevde seg heilt oppe i toppen, men farten i sporet upåklageleg.