Stressande å vere fastlege

Seks av ti fastlegar har vore inne på tanken om å slutte i jobben på grunn av stress og stort arbeidspress, viser ei ny undersøking.

Fastlegane har det så stressande og travelt at mange vurderer å slutte, viser i ny undersøking.   Foto: Eirill Wiik / NTB scanpix / NPK (illustrasjonsfoto)

Nyhende

Halvparten av fastlegane trur ikkje dei står i jobben om fem år om ikkje situasjonen betrar seg, viser undersøkinga, som grasrotaksjonen Trønderopprøret står bak. Undersøkinga byggjer på svar dei fekk frå rundt 1.000 av dei om lag 4.700 fastlegane i landet.

Nesten ni av ti er litt eller heilt einige i at dei regelmessig kjenner på negativt stress gjennom ein arbeidsdag.

– Frå å vere legevaktlegar har vi vorte helsekoordinatorar som held heilskapen i eit stadig meir fragmentert helsevesen. Dessverre stadfestar undersøkinga at fastlegane går med tankar om å slutte i jobben, seier fastlege og Trønderopprør-medlem Tor Magne Johnsen til NRK.

Ifølgje ein rapport Helsedirektoratet la fram i mars, arbeider fastlegane i snitt 56 timar per veke, somme enda meir.

Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget bad i januar regjeringa om å ta tak i krisetilstandane i fastlegeordninga, mellom anna ved å redusere talet på pasientar kvar fastlege må handtere.

Andre nestleiar i komiteen, Sveinung Stensland (H), er einig i at det hastar å gjere noko med fastlegeordninga.

– Under tidspress viser fastlegane fleire til sjukehus, tar fleire prøver enn nødvendig og skriv truleg ut fleire reseptar. Det hastar å gjere noko. Og vi gjer noko. Vi skal få til ei god fastlegeordning i god dialog med Legeforeininga, seier Stensland til NRK.

(©NPK)