Til saman 160 år med idrettsmerke

Sprekingar: Inge A. Haugen og Rasmus Bø med diplomet frå Norges Idrettsforbund. Også Ragnhild Lødøen frå Hornindal IL har teke 60-årsmerket, men var ikkje til stades på utdelinga. 

Nyhende

Inge Asbjørn Haugen og Ragnhild Lødøen frå Hornindal IL og Rasmus Bø frå Stryn Turn og IL har til saman teke idrettsmerket i 160 gongar. 

Haugen, som har teke idrettsmerket i 40 år, har likevel litt å strekke seg etter når vi ser på Bø (84) og Lødøen sine imponerande 60. Men kjenner vi den spreke honndølen rett er det nok gode sjansar for at han held på mange år til.

Laurdag fekk dei fortent merksemd og heder på Sogn og Fjordane sitt idrettsting, der dei mottok diplom og merke frå Norges Idrettsforbund. Lødøen hadde ikkje høve til å delta på utdelinga.

- Vi er veldig stolte over å ha Rasmus i idrettsmerke-gruppa, seier Knut Leirgulen, leiar i trimgruppa i idrettslaget.

- Og han har allereie teke idrettsmerket for i år, det gjorde han i januar.

Leirgulen håpar dette vil inspirere andre til å halde seg i vigør, og fortel at når ein kjem opp i litt alder byter ein gjerne ut springinga med symjing og ski når ein tek idrettsmerket.

- Då kan ein symje 25 meter og gå 5 km på ski.