Andreplass i Kjeringi Open

Simon Hjelmeset Kirkeeide (18) var nest best i kombinasjonen fjelltelemark, langrenn, løping og sykling i Kjeringi Open i helga.

Superkjering: Simon Hjelmeset Kirkeeide var nest raskast av dei som fullførde Kjeringi Open åleine.   Foto: Inge Fænn(arkiv)

Nyhende

Konkurransen startar på fjellet Fremsta Kjeringi (1.314 m.o.h.) og har målgang ved kaia på Leikanger. Løypa er delt inn i fire etappar; fjelltelemark, langrenn, løping og avsluttande sykkeletappe. Dei tøffaste tek heile løypa åleine, og kan titulere seg som Superkjering, medan andre stiller i lagkonkurransen der fire utøvarar fordeler etappane mellom seg.

Hjelmeset Kirkeeide tilhøyrer første kategori og berre Ole Martin Erdal frå Førde klarte å ta seg gjennom løypa raskare. Han brukte 48.05 min medan Kirkeeide brukte 51.30. Eivind Klokkehaug fekk same tid men vart dømd til tredjeplass.

Bertine Thorsnes Lefdal vann dameklassen på 57.25.