Lege:

- Tregare postgang kan få konsekvensar for nyfødde

Endringane i Posten kan få alvorlege følgjer for nyfødde med alvorleg medfødt sjukdom som er avhengige av raske svar, åtvarar leiaren for Nyfødtscreeninga.

Arkivfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Regjeringa foreslår å halvere talet på postdagar, men det meiner Rolf D. Pettersen utgjer ein risiko, ifølgje Dagsavisen.

– Alle forseinkingar vil vere utfordrande for barn med alvorleg medfødt sjukdom. Tregare postgang gir heilt klart større risiko for å komme for seint til med oppfølgjande, livreddande tilbod, seier han.

Det blir gjennomført screening av nyfødde barn for å avdekkje om barnet kan ha éin av i alt 25 alvorlege, arvelege sjukdommar. Blod blir sendt på eit filterkort til Nyfødtscreeninga i Oslo, der det blir analysert.

– Vi finn 55 til 60 barn kvart år som raskt treng medisinsk oppfølging for å unngå irreversible skadar eller død, seier Pettersen. Han legg til at fleire treng behandling i dei første levedøgna.

Han forklarer at desse prøvane blir sende med Posten og at dei ser at det går lengre tid på sending enn tidlegare. Han seier at også svara på prøvane som blir sende til foreldra, vil bruke to til tre dagar meir. Ifølgje Pettersen finst det ikkje noko velfungerande alternativ til Posten.

– Det er ingen nasjonal IKT-struktur i Norge for elektronisk kommunikasjon mellom dei ulike sjukehusa for rekvirering eller utveksling av prøvesvar, så her er vi igjen avhengig av Posten for viktig kommunikasjon.

(©NPK)