Fjordingen har omtala KS1-rapporten, bestilt av regjeringa, som konkluderte med ei anbefaling om å utvide eksisterande tunnelar og å droppe rassikring. Strossing vil og medføre nattestenging av tunnelane over ein periode på fire år.

I februar var ein heil

delegasjon i møte med samferdsledepartementet

for å legge fram sine argument om kvifor det bør byggjast ny tunnel framfor å strosse dei gamle. Det er venta at regjeringa vil avgjere val av konsept innan kort tid.

Optimistisk - Det er ei unison oppfatning frå både næringsliv, turistnæring og blant politikarar i tre fylke og 18 kommunar om at B1-alternativet er den einaste riktige løysinga, seier stryneordførar Sven Flo. Foto: Roger Oldeide

– Vi ventar i spenning, men vi har klokketru på argumenta våre så vi har all grunn til å vere optimistisk. Det er ei unison oppfatning frå både næringsliv, turistnæring og blant politikarar i tre fylke og 18 kommunar om at B1-alternativet som legg til rette for arm til Geiranger er den einaste riktige løysinga, seier stryneordførar Sven Flo.

– Vi er ikkje kravstore

– Eg forventar at det blir nytta fornuft i denne avgjerda så eg er ganske optimistisk, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS. Han har følgt saka tett og meiner krav om tunnel ikkje er å be om for mykje.

Viktig Svein Sunde i Gode Vegar AS og dagleg leiar av Thor Tenden Transport, Rolv Olav Tenden meiner ny tunnel er einaste løysing. Tenden har uttalt at han vil legge ned tranpsortbedrifta si om det blir strossing av dei gamle tunnelane. Foto: Arkiv Inge Fænn

– Det blir satsa på tog, og skal folk på denne delen av landet nytte tog så treng vi vegen til Otta. Den totale kostnaden av Strynefjellesvegen utgjer berre ein prosent av det NTP (Nasjonal transportplan) skal nytte til tog. Det er den viktigaste transportkorridoren mellom aust og vest. Vi er ikkje kravstore, seier Sunde.

Les også: Slaktar ny rv.15 rapport

Strossing vil få store konsekvensar

– Etter at Strynefjellsvegen opna på 70-talet, har det vore ei enorm utvikling i Nordfjord og på søre Sunnmøre. At ein rapport kan overse dette er ubegripeleg, sa styreleiar for Sunnmøre Regionråd, Jan Ove Tryggestad etter møtet med departementet i januar.

Delegasjonen argumenterte for at næringslivet i kommunane knytt til rv 15 står bak ei verdiskaping på 73 milliardar kroner (2016).

Nettbuss uttaler at nattestenging av Strynefjellsvegen grunna strossing vil bety at heile rutetilbodet over Strynefjellet vil bli lagt ned.

– Viss det ikkje er økonomi i nattrutene så kan det også bli slutten for dagrutene, seier marknadssjef i Nettbuss, Svein-Arne Vik.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har uttalt til Fjordingen at avgjerd i denne saka "ikkje vil drøye for lenge!"

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) seier til Fjordingen tysdag at dei forventar ei avklaring i denne saka før sommaren.