Hjellbakk fortel om avgrensa næringsareal i Stryn sentrum samstundes som Stryn kommune opplever aukande pågang frå aktørar som ønskjer å etablere seg her.

No har Stryn næringshage, Stryn næringssamskipnad og Stryn kommune saman invitert til eit ope møte om korleis Stryn sentrum bør utviklast.

– Det er eit stort behov for å setje lys på dette temaet. Vi må utvikle Stryn sentrum til å bli både attraktivt og berekraftig. Då treng vi kunnskap om varehandelstrendar, attraktivitet, bulyst og berekraft slik at vi best mogleg kan innrette oss for framtida, forklarar Hjellbakk.

Skal lære av ekspertar

Initiativtakarane har invitert trendekspert og føredragshaldar Ståle Økland og forfattar og rådgjevar i Distriktssenteret, Geir Lyngaas til møtet som blir arrangert i Stryn kulturhus.

– Ståle Økland held føredrag om innovasjon og framtidsrelaterte tema som fortel litt om kor samfunnstrendane og handelen bevegar seg, seier Hjellbakk.

Lyngaas arbeidar med regionar og kva eit regionsenter betyr for lokal samfunnsutvikling.

– Lyngaas sitt føredrag vil handle om attraktive, berekraftige lokalsamfunn og korleis ein kan styrke lokale føresetnader, forklarar Hjellbakk.

Vil ha med målgruppene

– Dette er eit ope møte, men med areal og utvikling som tema har de vel målgrupper?

– Ja. Møtet er ope for alle som er interesserte i korleis vi bør utvikle sentrum, men her er viktige målgrupper som til dømes grunneigarar, eigarar av næringsbygg, bedriftseigarar, bedriftsleiarar, gründarar og politikarar, seier han.