Ein Nordfjord-mann er dømd til 60 dagar betinga fengsel og 10.000 kroner i bot for å ha filma kvinnelege kollegaer i garderoben på bedrifta dei jobbar.

Filminga skjedde våren 2017 og var i følgje retten seksuelt motivert. Mannen innrømte i retten å ha gjort ca 20 opptak. Lang sakshandsamingstid hos politiet medverka til strafferabatt.