Per Kjøllesdal (Sp) fekk berre sju røyster og valde å trekkje forslaget sitt om alternativ E39-trasé 50 høgdemeter opp i terrenget, då saka var oppe i Stryn kommunestyre førre veke. Bakgrunnen for Kjøllesdal sitt forslag er at traseen, slik han er teikna av Statens vegvesen, vil leggje beslag på store areal med dyrka mark i Vikane-området.

Forslaget frå Kjøllesdal var som følgjer: «Av omsyn til jordvern og lett tilgjengelegheit til E39, krev Stryn kommune at Statens vegvesen greier ut ei øvre linje med utgangspunkt i Norconsult sin rapport». Denne rapporten viser, i følgje Kjøllesdal, at eit øvre alternativ stettar alle krav til stigningsforhold, kurvatur, etc som dagens vegnormalar stiller.

Kjøllesdal er tydeleg oppgitt både over vegvesenet og eige kommunestyre. «Å leggje traseen over dyrka mark når ein ikkje må, er totalt ubegripeleg», uttalte gruppeleiaren for Sp overfor Fjordingen fredag. Han er lite nøgd med at kommunestyret ikkje støtta forslaget om å påleggje vegvesenet ny utgreiig, men seier han ikkje har tenkt å gje opp. I forslaget frå Norconsult er vegen teikna inn rett i overkant av dyrka mark, i staden for å gå gjennom dyrka mark. Kjøllesdal kan ikkje sjå at ei veglinje 50 høgdemeter opp i høve til vegveseet sitt forslag skal bety noko frå eller til med tanke på forholda vinterstid.

Vegvesenet ønskjer ikkje greie ut alternative trasear før etter høyringsrunden til hausten. Det betyr at dei som måtte meine det same som Kjøllesdal må nytte sjansen og uttale seg innan fristen går ut. Vikane er eit viktig landbruksområde i Stryn og i større målestokk. Landbruk er næringsliv, men med den skilnaden i forhold til mange andre at gardbrukarane må nytte den jorda dei har, der jorda ligg. Verken politikarar eller vegvesenet bør vere negative til å greie ut ei veglinje som tek omsyn til landbruket i Vikane-området. Det kan neppe vere den store jobben, men vil vere viktig for å kunne ta dei rette vala for det som skal bli del av framtidas hovudferdselsåre mellom nord og sør.

I dette tilfelle bør det vere plass både til veg og landbruk.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør