Volda sine handballdamer, med tre tidlegare strynespelarar på laget, fekk eit godt utgangspunkt då dei slo Gneist 31–21 i første kvalifiseringskamp til 1. divisjon søndag.

Kampen gjekk i Volda, og returkampen blir spelt i Bergen onsdag.

Lone Vik noterte seg for tre scoringar frå sin strekposisjon. Vanessa Sunde Hoel, som nyleg kom tilbake på handballbana etter langt skadeavbrekk, fekk også speletid. Tidlegare spelande trenar for Stryn, Ana Patricia Correia, sette inn to mål.

Les også: Lone fann tilbake til handballgleda.

Volda gjekk gjennom seriespelet utan poengtap. Om laget gjer jobben mot Gneist på onsdag er laget klart for 1. divisjon.