Norges Fjordhestlag og utstillingsnemnda for hingsteutstillinga kjem med ei nyskaping på årets hingsteutstilling på Eid:  Ei showklasse for toårshingstar.

Dette gjev unghesteigarane ein forsmak på hingsteutstillinga, samstundes som publikum får høge til å sjå ei samling flotte, unge hingstar som truleg vert å sjå igjen på utstillinga seinare år.

Showklassa er ei uoffisiell klasse som vil foregå på utstillingsplassen i Øyane fredagen under hingsteutstillinga. Hingstane vert vurderte av eksteriørdommarar. Dommarane vil gje ei uttale og deretter rangere hingstane. Det vert ikkje gitt eksteriørpoeng.

– Vi håper det vert stor deltaking i denne showklassa, seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter til Fjordhest.net.

– Det er ei flott moglegheit for dei som har unghingst til å få ein forsmak på korleis det er å vere på hingsteutstillinga, og i tillegg får dei vist fram hingsten sin til eit stort publikum.

Hingsteutstillinga på Nordfjordeid har tradisjon heilt tilbake til 1886.

Utstillinga er rekna som det store, årlege høgdepunktet for fjordhestinteresserte, og samlar utstillarar, hesteinteresserte og oppkjøparar frå heile landet samt Skandinavia, Mellom-Europa og USA.