Mannen vart stoppa av politiet i Stryn ein føremiddag i oktober i fjor. Blodprøva viste 0,53 i promille. Mannen innrømte å ha drukke ein del øl og eit par drinkar fram til to-tida på natta. Han forklarte politiet at han hadde ein antakelse om at han kanskje var påverka då han køyrde bil neste morgon, men at han ikkje trudde promillen var så høg.

Retten fastsette fengselsstraffa til 16 dagar betinga fengsel med to års prøvetid. I tillegg må han betale bota på 64.500 kroner samt klare seg utan førarkort i 12 månader. Retten gav han tre dagar strafferabatt fordi han tilstod saka og bidrog til forenkla rettergang.