– Det har gått utruleg bra med god hjelp både av bygningsfolk og forsikringsselskap, fortel Helge Dokset og viser rundt.

Det var uversnatta 24. juli i fjor, at lynet slo ned i pipa og varmen spreidde seg i taket med stor fart.

Gunnvor og Helge fekk med seg berre nokre klesplagg i handa før dei måtte røme for flammane, og stå å sjå på huset dei hadde flytt inn i til jul året før, gjekk opp i flammar. Dei fekk berga unna bilane og ein traktor. Inngangsdøra var dekt av tjukk svart røyk, og det var ikkje mogeleg å nå flammane med brannsløkkingsapparatet.

Nytt hus etter same teikningane

Det kunne gått så mykje verre. Brannalarmen vart ikkje utløyst. Hadde dei vakna av toreskrall og det etter kvart lukta brent, kunne dei blitt liggande til taket rasa ned på soverommet. Men dei berga livet, og det var det viktigaste.

– Nei, vi søv godt no, men kanskje kjem det ein reaksjon med lyn, torden og uver, seier dei to og viser stålplata som vart treft av lynet. Den ser ut som eit kunstverk og kan setjast i glas og ramme.

Berga senga: Bruno kan gle seg over at senga hans vart berga frå flammane.

Huset er bygt etter same teikningane som sist, men vi har brukt Leca i pipa og stein på taket. Vi tek ikkje sjansen på at stål skal lokke til seg nye lyn, seier Helge Dokset.

Stålet er borte frå pipa. Gunnvor Fure og Helge Dokset jobbar med å restaurere ein skjenk som ikkje vart så mykje skada i brannen

God hjelp og oppfylging

– Når gale skulle vere, må eg seie at vi har fått god hjelp og oppfylging, seier han. I intervju med Fjordingen like etter brannen sa han at han vona dei kunne flytte i nytt hus til påske. Det heldt.

Helge Dokset ser inn soveromsglaset der taket rasa ned dagen etter at lynet slo ned og sette huste i brann.

– Vi er utruleg takknemlege. Ikkje minst til Steinar Fjellkårstad som var på plass like raskt som brannmannskapa og tok oss med til frukost og litt kle. Likeeins den medisinske oppfylginga, seier han.

Helge var overtydd om at det var lynnedslag som var brannårsaka, og dei som granska brannen brukte ikkje lang tid på å gå bort frå teorien om at det skuldast det elektriske anlegget.

– Forsikringsselskapet byrja å snakke om at arbeidet skulle ut på anbod, men eg stilte krav om vi skulle ha tilbake det vi hadde mist. Det var det eg hadde betalt for. Det gjekk bra, for Sølvberg hadde framleis både teikningane og dei andre papira frå huset som brann, seier han.

Dette er ikkje innkjøpt kunst. Det er plata som vart treft av lynet som slo ned i pipa.

Det meste gjekk tapt

Nytt hus og innbu kan kjøpast for pengar, men ein del ting som til dømes bilde og andre personlege ting som notatbøker frå eldre tider, er tapt for alltid.

– Lærdommen er at det lønner seg å ha papira i orden med forsikringsselskapet. Vi har ikkje økonomisk tap, og vi har også fått hjelp med ein del ting som ikkje var øydelagt og som kan nyttast vidare. Folk frå forsikringsselskapet var her og tok hand om, mellom anne eit kaffiservice som vart levert til reinsking. Labradoren Bruno fekk tilbake senga si, og Gunnvor og Helge kan sitje i solveggen på stolar som overlevde, mellom anna ein skikkeleg kubbestol frå Våga.

Dei arbeider også med å restaurere ein skjenk.

Helge Dokset i den brannherja stova rett etter brannen. Sju månader etter er huset nytt, blant anna med den forskjellen at stålpipe er byta ut med Leca.

– Det er litt med spesielt å kunne ta vare på det som har vore vårt i lang tid, seier dei.

Knirkefritt

– Vi må berre seie at det har gått knirkefritt, seier Helge som er glad for at dei no kan flytte inn i nytt hus etter nokre månader med omflakkande liv.

Første tida budde dei i gamlehuset på garden dei hadde gitt frå seg, men pipa var ikkje godkjend for vedfyring. Då vinteren kom, fekk dei ei kjellarleilegheit hjå ein annan naboen.

– Vi har møtt mykje velvilje, seier dei to som aldri heilt vil gløyme 24. juli 2017.