Sogn og Fjordane fylkeskommune si tildeling av midlar til dei kommunale næringsfonda for 2018 viser at Stryn får 550.543 kroner, medan Hornindal får 312.503 kroner.

Det vert i år tildelt total 9.510.000 kroner til 19 kommunale næringsfond i fylket. Av desse er omlag 1.1 mill såkalla stimuleringstilskot. Det er samanslåingskommunane som nyt godt av desse midlane. Kommunane Eid, Selje, Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Gulen, Sogndal og Leikanger får stimuleringstilskot på kr. 70.000 for felles førstelineteneste.

I tillegg vert det delt ut stimuleringstilskot for felles næringsfond. Kommunane Eid og Selje får eit stimuleringstilskot for felles næringsfond på kr 23.333,- kvar. Kommunane Førde, Gaular, Naustdal, Jølster, Sogndal og Leikanger får eit stimuleringstilskot på kr 70.000 kvar for felles næringsfond.