No blir det jobb som lærar på landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule på stryningen.

– Eg ser fram til det. Eg hadde tilbodet på landslaget, og vurderte det lenge. Men no har eg lyst til å vere meir heime med familien, og ser fram til å starte i ny jobb.

Svarstad fekk jobben som lærar ved landslinja då den vart etablert i fjor haust, men gjekk rett ut i permisjon for å vere trenar for langrennslandslaget i OL-sesongen. Han har vore tilknytt skiforbundet i sju år.

– Eg har stor forståing for at Sjur Ole ønskjer å prioritere jobb og familie heime i Stryn, seier landslagssjef Vidar Løfshus.