I ei engasjerande orientering onsdag utfordra Vestlandsforsking Stryn kommune til å tenkje klimaomstilling knytt til pågåande arealplanlegging.

– Det handlar om å redusere klimagassutslepp og tilpasse oss klimaendringar, sa Groven og viste til eit dystert bakteppe der dagens klimagassutslepp vil føre til at kloden blir to grader varmare om 17 år og 8 månader.

Det vil gje store konsekvensar globalt og lokalt. Vi har dårleg tid til å gjere ein snuoperasjon, sa han.

Groven peika på viktigheiten ved at Stryn utarbeider faresonekart i samarbeid med NVE då det skal vere ein samanheng mellom større hyppigheit av både flaum og skred knytt til klimaendringar.

– Kartlegging og sikring av forureina grunn er og veldig viktig for å unngå at desse blir skyllt på havet under ein flaum, forklarte Groven.

Utfordra kommunen til større klimaengasjement

Groven viste til at det pågår eit arbeid med å kartlegge og å redusere utslepp frå turismen i Oldedalen og Briksdalen.

– Briksdalsbreen er sårbar for klimaendringar og ligg der paradoksalt nok som eit symbol på nettopp dette, sa Groven.

Vestlandsforsking nytta høvet til å invitere Stryn til å vere med på eit pilotprosjekt som ei såkalla «klimaengasjert kommune». Groven viste til Bø i Telemark som til dømes samarbeider med Transportøkonomisk institutt med mål om å redusere lokaltrafikken i Bø sentrum.

– Mellom anna lokaliserte dei parkeringsplassane i utkanten av sentrum og danna grøntareal, gang- og sykkelvegar i sentrum. Det var tverrpolitisk semje om dette i Bø med gode resultat, fortalde Groven.

Nasjonalparklandsby i Stryn?

Groven poengterte at det og kan vere på tide å spørje om einebustad er det ein bør prioritere i Stryn i framtida.

– Det er ofte einebustadar folk spør etter, men dei har vesentleg høgare energiforbruk og langt større krav til areal, poengterte Groven som meinte kommunen bør nytte påverkningskrafta si til å få folk til å tenkje annleis rundt dette.

Diskusjonen om klima førte til idear rundt bordet. Klemet Bø (KrF) meinte Stryn burde ta opp att diskusjonen om nasjonalparklandsby i Stryn.

Viktig symbol – Eg likar tanken på at Stryn kan få nasjonalparklandsby, sa Klemet Bø (KrF) Foto: Roger Oldeide

– Nasjonalparken utgjer ein vesentleg del av Stryn kommune og vi bør vise at vi tek nasjonalparken og miljøomsyn på alvor, sa Bø.

– Dette pågår det ein diskusjon rundt og er noko vi absolutt må vurdere, sa stryneordførar Flo.