Det betyr full fart i Strynehallen frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Denne helga er det 12-16-åringane som skal i elden, og dagleg leiar i Stryn handball, Eli Kroken, fortel at alt skal vere klart når dommarane set i gang dei første kampane.

– I alt har 46 lag meldt seg på, og Stryn stiller med ni lag, seier Kroken. Vikane stiller med eitt lag. Desse klubbane deltek på Nordfjord cup i helga: Bergsøy, Kvam, IL Bjørn, Skodje, Eid, Stryn, Fron, Sogndal/Syril, Førde, Syril/Sogndal, Gloppen, Stranda, Godøy, Sæbø/Åmdal, Gossen, Træff, Haram, Vikane, Haugen/Eid, Volda og Ørsta.

Sluttspelet blir spelt søndag.