Ifølgje Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk hadde skjelvet episenter rundt 110 kilometer vest for Molde. Det var registrert klokka 20.01 torsdag kveld, og dei bereknar styrken til 3,8.

NORSARs jordskjelvobservatorium på Kjeller har på si side målt styrken til 4,0 og opplyser til Sunnmørsposten at episenteret ligg 125 kilometer nordvest for Ålesund, om lag 70 kilometer sør for Ormen Lange-feltet. Skjelvet oppstod i det som blir kalla Tampen-området, og dette er området med kanskje hyppigast seismisk aktivitet i Norge.

Dominik Lang, avdelingsleiar for jordskjelvrisiko ved NORSKAR, seier til avisa at styrken kan bli justert fredag, etter kvart som dei får fleire og meir nøyaktige målingar.

– Slike jordskjelv blir berre registrert éin til to gonger per år i Norge. Til å vere på det norske fastlandet var skjelvet svært kraftig, seier Lang til NRK.

Skjelvet vart merka fleire stadar i Møre og Romsdal, blant anna i Ulstein, Brattvåg, Valderøya, Ålesund, Godøya og Ellingsøy. Ifølgje NRK vart det også merka av folk i Nordfjord.

(©NPK)