Journalist Svein Rune Kjøllesdal frå Utvik har teke eitt års permisjon og sett kursen nordover. Rett og slett til verdas nordlegaste avis.

Svein Rune Kjøllesdal (28), med medieutdanning frå Gimlekollen, arbeidde i Fædrelandsvennen før han flytta til Førde og Firda. Og no altså til Svalbard. Mykje er nytt og annleis førebels, men den i overkant sportsinteresserte utvikaren har i alle fall registrert ein ting:

Nyheitsjeger i nytt terreng: Svein Rune Kjøllesdal er på plass i Svalbardposten.

– Her er nesten ikkje sport å skrive om! Så no får eg høve til å utvide horisonten litt og oppdage litt nye problemstillingar, ler han.

Fleire isbjørnar enn folk

Det er 3.000 isbjørnar på Svalbard, medan folketalet ligg på 2.000-talet.

– Bortsett frå at det er fleire isbjørnar enn folk, kva er største skilnaden frå heimfylket?

– Temperaturen! Eg er ikkje vand med tosifra kuldegrader! seier Svein Rune Kjøllesdal, som pådrog seg ei solid forkjøing som det første han gorde.

– Kva har vore dei sterkaste inntrykka elles?

– Omgjevnadene, fjella, og det utruleg flotte lyset. Ja, og så pub-kulturen då. Der går dei oss ein høg gang!

Tørkestativet: Eit prov på at det ikkje berre er å gå på butikken og handle kva som helst når ein bur på Svalbard. Men tørkestativet kom på plass til slutt!

Livet er annleis

Alkoholkortet er eitt av døma på at livet er annleis på Svalbard.

– Alkoholkortet er prov på at ein er fastbuande, og er samtidig det som regulerer alkoholkonsumet. I alle fall utanom på pubane. Det er strengt regulert kor mykje ein får handle på det, seier Kjøllesdal, som legg til at kvotene er ganske rause.

– Nett som prisane!

Eit anna døme er at det ikkje er berre å lesse opp nye varer og køyre avgarde når kunden bur på Svalbard.

– Ein av dei første dagane var eg på butikken og skulle ha meg eit heilt standard klestørkestativ. Det var ikkje råd å oppdrive. Så då fekk eg beskjed om å smørje meg med tolmod, med neste båt kom det truleg nye stativ. Det tok berre kring 10 dagar...! fortel han.

– No skal det rett nok seiast at det også kjem varer med fly dagleg. Men det kostar å frakte. Eit døme på det er blomkålen. Over 40 kroner. Per stykk!

Definitivt ein skilnad: Alkoholkortet, prov på at ein er fastbuande og samtidig eit kort som regulerer alkoholkonsumet. Eller i alle fall kjøpet.

Pangstart i nyejobben

– Du fekk litt av ein pangstart i ny jobb som journalist, med ei sak som enda på nasjonale TV-kanalar?

– Eg hadde vel ein dose flaks. Og litt teft. Eg kom over eit bilete på sosiale medium, tok nokre telefonar og sat plutseleg med ein isbjørn-film som burde hatt 18-årsgrense, og eit bilde som eg sjølv tykte var endå betre. Så var det berre å la snøballen rulle, fortel Kjøllesdal, som legg til at det neppe blir prisar for handverket.

– Men ein morosam start!

Støtte frå kjærasten

– Kva seier kjærasten til at du valde å flytte til Svalbard for ein periode?

– Ho er vel berre glad for å bli kvitt meg litt, så lenge ho, som den frostpinnen ho er, slapp å vere med! ler Svein Rune, og legg til at ho støtta han i at dette var ein sjanse han måtte hoppe på. – Og så gler ho seg til å komme på besøk.

Går glipp av lamminga

Svein Rune Kjøllesdal er oppvaksen på gard, og tek vanlegvis turen heim til Utvik for å delta i gardsdrifta når han kan.

– No lammar det rundt om i fjøsane i heile Nordfjord, korleis er det å ikkje få med deg «vårens vakraste eventyr» i fjøset?

– Det blir rart å ikkje få med seg det, men det kan hende eg får lurt inn ein liten tur heim i løpet av våren. I så fall blir eg nøydd til å sjekke korleis ståa er der. Elles så kjem det fleire sjansar.

Arktisk himmel: Sterke fargar på kveldshimmelen over Longyearbyen.

Alle har kome hit for eitt år

– Ser du føre deg at det blir med dette året, eller trur du «svalbardsykja» rammar deg også, og du blir verande?

– Alle som er her har i utgangspunktet kome hit for å vere eitt år, eller to, så har det plutseleg gått 20. Men det ser eg ikkje for meg. Eg reknar med å sitje på flyet heim etter eitt år. Så folk må berre nytte høvet til å besøke meg!