– Då vil vi vurdere heile feltet og gjere oss opp ei meining om kva tomter som har best beliggenheit. Her vil tilgjenge, utsikt og opparbeiding av tomta spele inn på ein slags attraktivitetsfaktor, forklarar teknisk sjef i kommunen, Jan Bakke Flore.

– Det er ikkje noko nytt og kontroversielt å tenkje på denne måten, og det er jo slik private utbyggarar gjere det, men det blir nytt at vi gjere det slik.

Fram til no er det i all hovudsak storleiken på dei kommunale tomtene som har bestemt prisen. Lik storleik er lik pris.

Flore understrekar at dette ikkje er endeleg vedteke politisk, men førebelse signal tyder på at det blir slik. Det er heller ikkje klart kven som skal gjere jobben med prissetjinga, men han ser det som naturleg at ein anten hyrar inn ein fagperson, eller at det blir etablert ei gruppe for å gjere jobben.

– Det vil uansett handle om skjønn i slike spørsmål.

Fint i terrenget: Bustadfeltet ligg fint i terrenget, med utsyn mot Skåla i aust og Olden i sør.

Store tomtar

Bustadfeltet vart regulert så langt tilbake som på 80-talet, og kun mindre tilpassingar og grep er gjort. Dei 14 tomtene er i følgje Flore relativt store.

– Det normale har vore 1 mål, men i det siste har vi sett at grunna mangel på bustadareal kan ei tomt vere ned mot 700 kvm. Tomtene her på Rake er frå 878 og opp til 1.250 kvm, men hovudtyngda ligg over 1.000 kvm seier han.

Målet er å ha alt det praktiske og prisinga klar innan fellesferien, slik at ein kan lyse ut tomtene for sal då.

– Det blir først ei hovudutlysing, der folk melder inn i prioritert rekkefølge kva tomter dei ønskjer. Deretter gjennomfører vi trekking og tildeling av tomtene, forklarar han.

Steg to: Her frå den vestlege delen av feltet. Det er også tenkt eit utbyggingssteg to. Då ser ein føre seg 8-10 tomter, i skråninga på nedsida av vegen, der vi kan skimte anleggsmaskinene stå parkert.

Flore meiner det nye bustadfeltet bør vere attraktivt, og at det også har kome på plass mykje grunna lokale pådrivarar. Den eine ulempa han ser ved feltet i dag, er det også planar om å gjere noko med.

– Vegen frå fylkesvegen til bustadfeltet er smal og bratt.Men planen er at denne skal takast i løpet av 3-4 år. Den ligg inne i økonomiplanen til kommunen, seier han.

– Det blir spennande å sjå kor fort det blir fyllt opp, seier Flore, og innrømmer at det alltid er litt spenning på avdelinga når nye kommunale bustadfelt blir lagde ut for sal.