Ti menn på hyttetur i Sverige før påska 2016 er i fellesskap mistenkte for å ha sendt ei grov sex-melding til Liv Signe Navarsete. Dei er mistenkte fordi ingen av dei ti innrømmer å ha gjort det.

Det var Nationen som først fortalde om saka. Åtte av dei ti mennene på hyttetur er politikarar i Senterpartiet. Nokre på nasjonalt nivå, andre meir lokalt. Blant «gutta på tur» var og nestleiar i Sp, Ola Borten Moe, som kort tid før sex-meldinga vart sendt hadde vore i ein opprivande strid med Navarsete. Borten Moe seier til Dagbladet at det ikkje var han som sendte meldinga, men at han er svært lei seg for meldinga som vart sendt, og at ho fortener ei orsaking.

Utfordringa for Borten Moe og dei ni andre, er at så lenge ingen av dei innrømmer kven det var, så er alle ti i utgangspunktet like mykje mistenkte. Sagt på ein annan måte; den som veit han sendte meldinga, men ikkje er mann for å innrømme det, dreg dei ni andre med seg i søla.

Kva som vart sagt og diskutert på hytteturen før den famøse meldinga vart sendt, er det ingen som veit. At ei slik melding tikka inn på mobiltelefonen til Navarsete er uansett eit dårleg signal om tema mellom ein eller fleire på tur. Difor var det rett og viktig at Navarsete sjølv sa frå til partileiinga kort tid etter at ho fekk meldinga. At varselet ikkje vart teke meir på alvor i partiet enn at saka no er blitt to år gammal, uløyst, vitnar om dårleg dømmekraft og ansvarlegheit hos dei som skulle teke fatt i saka.

Medan andre parti har fått mengder med negativ medieomtale etter dei mange #me too-avsløringane den siste tida, har Sp tilsynelatande sluppe unna. Heilt til meldinga frå ein «gutegjeng» på hyttteur kom fram i media.

#Mee too har råka mange miljø, både i næringslivet og ikkje minst i politiske miljø. Avsløringane vitnar om at alt for mange har dårlege haldningar og lite respekt for det andre kjønn. Liv Signe Navarsete og Sp fortjener at saka hennar vert løyst. Det betyr at den skuldige må manne seg opp og innrømme dumskapen sin.