Vokalist og låtskriv Sindre Aam skreiv festcountrylåten før jul i fjor, med ein tekst som blant anna går slik: Livet må gå vidare, sjølv om nokon har teke deg på raua. Og det er nok ikkje berre karar som tek.

Til Sunnmørsposten uttaler Aam at enkelte har meint Vassendgutane burde droppe denne låten.

– Det gjer meg berre endå meir sikker på at vi er på rett spor. Vassendgutane har alltid brukt mange av låtane til å kommentere ting i samfunnet. Med låten "Metoo" gjer vi det igjen, med det skråblikket vi meiner må til for å nyansere temaet, seier Aam, som overfor avisa sørgjer for å understreke at han synest det var heilt på sin plass å sette fokus på temaet seksuell trakassering.

– Men så er det at du får følelsen av at det bikkar over, og at einsidig fokus dermed får nye og kanskje uante konsekvensar. At det i nokre tilfelle ser ut til at folk blir redde for i det heile tatt å røre kvarandre, ja, til og med snakke med kvarandre, seier Aam til Sunnmørsposten.

Fansen lèt til å vende tommelen opp for singelen, å dømme etter kommentarfeltet på Facebook-sida til bandet.

Manageren skriv i pressemeldinga at det går mot eit hektisk år for bandet, som slepper det niande albumet 25. mai. Dei tar med seg bygdehumor og festcountry til i Oslo 1. juni som del av turneen dei har kalla "Helane i Taket".

(©NPK)

- Enkelte har ment Vassendgutane burde droppe denne låten, har frontmann og låtskrivar Sindre Aam sagt til Sunnmørrsposten. I staden gjev deo hiele albumet namn etter sangen. Foto: Handout