Mads Wie, Tanel Melts, Justinas Busmic, Ruben Garlid, Erling Myklebust. Alle viktige spelarar i fjor, men denne sesongen må Stryn sin nye trenar, Geir Inge Rake, klare seg utan desse.

Han ser likevel ikkje mørkt på situasjonen, og målet er å kjempe om ein plass blant dei fem beste i Kretsligaen (4. div.).

– Med så mange rutinerte spelarar borte frå i fjor vil det bli utfordringar. Vi er inne i eit generasjonsskifte, der mange unge kjem opp og vil få sjansen. Eg har stor tru på at dei tek den. I tillegg har vi framleis spelarar med mykje rutine. Det blir jobba godt med aldersbestemt fotball i Stryn, og dette vil ein no sjå resultat av på seniornivå i nær framtid.

Treningskampar

Nymark–Stryn 1–1

Stryn–Eid 2–3

Sandane–Stryn 0–12

Tornado Måløy–Stryn 1–4

Eid–Stryn 5–2

Spelarar ut

Mads Wie (Sandane), Jonas Denk (Sandane), Justinas Busmic (Volda), Tanel Melts (Volda), Erling Myklebust (Tertnes), Ruben Garlid (Tertnes), Lars Midthjell Gjørven (Oppstryn), Agon Qitaku.

Spelar inn

Stian Frøysa Stranda).

Stallen

Jens August Guddal Muri (19)

Jozef Tuzar (16)

Frode Hool Egge (32)

Emil Allesøe (26)

Vegard Sæten Hopland (24)

Mathias Garlid (23)

Vegard Vatn Øvreberg (21)

Julian Hove (21)

John Marius Berger (22)

Erick Medina Vhiestrox (26)

Rasmus Skåre Tjellaug (17)

Håvard Kroken (17)

Stian Olsbø (17)

Eirik Sæten (17)

Peter Frausing (17)

Johan Ytreeide (17)

Ole Ivan Glosvik (17)

Steffen Glosvik (20)

Stian Frøysa (19)

Mossi Melake (17)

Marius Rauset (18)

Alexander Jakobsson (18)

Jan Åge Langeset (19)

Runar Tvinnereim (19)

Joar Skrede (19)

Johannes Garlid Tenden (16)

Asbjørn Tenden (43)

Fjøra og Florø 2 favorittar

Rake held Fjøra FK frå Sogndal som favoritt til å rykke opp til 3. divisjon saman med Florø 2:

– Fjøra og Florø 2 er avdelingsfavorittar. Studentspretten og Eid vil nok også markere seg i toppen i lag med forhåpentlegvis Stryn.

– Kva tankar gjer du deg om dei tre første kampane mot Dale (b), Fjøra (h) og Årdal (b)?

– Dale, Fjøra og Årdal i dei tre første kampane blir ei tøff opning. Men uansett motstandar så er serieopninga vanskeleg. Spennande blir det, og vi gler oss til å kome i gang med serien, seier ein optimistisk Rake til Fjordingen.

Stryn 2 i 5. divisjon

– Kva kan vi forvente oss av Stryn 2 denne sesongen?

– Eg meiner det er viktig at Stryn i tillegg til eit lag i 4. divisjon også har eit lag i 5. divisjon. Det er ein arena for dei nest beste i klubben. Ønsket er at dei skal vere på eit høgast mulig nivå, slik at dei kan utfordre førsteellevaren i 4. divisjon. Det er og ein arena for nokre av gutespelarane (15-17 år), slik at dei kan få kjenne litt på seniorfotballen. Målet for 5.divisjonslaget er å utvikle spelarar inn mot a-laget, og i tillegg halde oss i divisjonen.