Hoven Loen AS, no omdøypt til Loen Skylift AS, omsette for solide 37,2 millionar kroner og oppnådde 15,3 millionar i driftsresultat i 2017. Det gir ein driftsmargin på heile 41 prosent.

Det var ingen misfornøgde fjes å sjå då aksjonærane i det som torsdag kveld vart omdøypt til Loen Skylift AS møttest til generalforsamling i Hoven restaurant. Det hadde dei heller ingen grunn til. 91 prosent av aksjane var representerte då styreleiar Leif Riksheim losa gjennom første rekneskapsrapport.

– Det er ikkje utan ein viss stoltheit vi kan tilrå 7,25 millionar kroner i utbyte etter første driftsår, som ikkje ein gong er eit heilt år, sa Riksheim.

Rekneskapen som vart samrøystes godkjend er sterk og sjeldan lesing. Loen Skylift er ikkje berre ein turistmaskin, men og ein pengemaskin. Dei 92.000 besøkjande i gondolen la att 37,2 millionar kroner. Når kostnadene i sum «berre» vart 21,9 millionar, sit selskapet att med eit driftsresultat på 15,3 millionar kroner, 11,8 millionar i ordinært resultat før skatt og eit årsresultat på 9,6 millionar.

– Ideen har stått seg godt

– Vi skal vere audmjuke og stolte over det vi har oppnådd på kort tid og kan fastslå at ideen om å byggje gondol til Hoven har stått seg godt, fastlo dagleg leiar Richard Grov. Han poengterte og at det er viktig å ha ein samansett forsamling av aksjonærar, der svært mange er lokale og dermed og gode ambassadørar for det nye reiselivsproduktet som på kort tid er blitt kjend både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Grov la ikkje skjul på at det er kjekt å dele ut solide utbyte. Fem prosent av pålydande pr. aksje er sjeldan kost, og gjer at investorane har meir enn dobbelt av bankrente att for at dei gjekk inn med kapital for å sikre utbygginga av Loen Skylift.

– Vi hadde 92.000 besøkjande i 2017. Til no i år har vi passert 16.700, så vi ligg godt an i høve målet å passere 100.000 i 2018, sa Grov. – Og på vegen mot neste mål skal vi utvikle anlegget vidare, både i form av utvida parkeringsareal og ferdigstilling av fjordbygget. På fjellet ved utvida restauranttilbod og vidareutvikling av stisystemet, for å nemne noko.

Også Sebi Lüönd, økonomidirektør i Garaventa AG som er leverandør av pendelbana og nest største aksjonær i Loen Skylift, er godt nøgd.

– Vi har heile tida hatt stor tru på Loen Skylift. Men det er uvanleg å levere slike resultat i første driftsår, seier han.

Resultat til himmels: Loen Skylift oppnådde ein driftsmargin på solide 41 prosent første driftsåret. Foto: Lars Korvald/Loen Skylift