Leiar av Innvik Bygdeutvikling, Harald Røyrvik, la fram utviklingslaget sitt ønskje om å skunde på byggeprosessen for formannskapet onsdag. Han la vekt på kva bygdelaget sjølve kan bidra med for å få fortgang i prosessen.

Av tilboda bygdelaget la fram var både bygging eller finansiering av kommunal utbygging eitt år tidlegare og syte for ressursar til prosjektering og planlegging, samt å klargjere tomta for bygging.

Bygging av barnehage ligg allereie inne i kommunen sin økonomiplan, så det vart stillt spørsmål om kvifor ein ville framskunde prosessen.

Røyrvik la til grunn ei bekymring for at prosjektet skal falle ut av planen og bli eit nytt "varmtvassbasseng".

Stryneordføraren bad utviklingslaget stole på at politikarane syter for at prosjektet vil bli gjennomført etter planen.