Anne-Lise Hatledal var på jobb saman med faren, Per Hatledal, ved steinknuseverket i Dalane i Markane. Frå gravemaskina såg ho brått at dei hadde fått selskap: Eit ekorn. Ekornet var av den nyfikne sorten, og slett ikkje redd trass i at både gravemaskina og knuseverket laga bra med støy.

Både knuseverk og gravemaskin lagar bra med støy, men det såg ikkje ut til å affisere "Nøtteliten". Foto: Privat

- Nei, han dukka opp to meter frå maskina og sat og såg på meg litt før han hoppa vidare, seier Anne-Lise Hatledal, som fekk knipsa eit bilde av "Nøtteliten" før han spratt vidare.