Fylkestinget har vedteke å opprette ei ordning med mobbeombod i Sogn og Fjordane. Samtidig vart det vedteke å opprette ein «mobbeknapp» på heimesida til dei vidaregåande skulane.

Mobbeknappen kom etter innspel frå ein ungdomspolitikar, AUF-medlem Helene Skår frå Stryn, som sjølvsagt er svært nøgd med at innspelet hennar førte til vedtak i hovudutvalet.

– Dette er eit viktig tiltak og eg trur det kjem til å bli ei god ordning, seier ho.

–Godt og konkret innspel

Ho var førre helg på folkevaldskulering i AUF, der ho fekk informasjon mobbeknappen. Nokre dagar etter tipsa ho partikollega Karianne Torvanger, som også er leiar i Hovudutval for opplæring.

– Når ein får så gode og konkrete innspel må ein ta tak i det, og når fylkestinget alt skulle behandle saka om mobbeombod var det greitt å henge på eit punkt om å innføre mobbeknapp, seier Torvanger, og viser til at fellesnemnaren for både mobbeombodet og mobbeknappen er nulltoleranse for mobbing.

Meldesystem

Mobbeknappen er eit meldesystem via nettet slik at den som oppdagar mobbing, eller som blir mobba, ved å trykke på ”Mobbeknappen” på skulens heimeside, raskt kan melde frå.

Systemet er lagt opp slik at skulen raskt kan få melding om at mobbing skjer og sikre at alle rutinar blir følgt vidare i den aktuelle saka.

– Må faktisk vite om det

– Eit viktig moment for å kunne ta tak i mobbing er å faktisk vite om det, seier Helene Skår. Ho er sjølv elev på vidaregåande skule.

– Sjølv om det kanskje ikkje er fullt så mykje mobbing her, skjer det likevel. Då trur eg at ein mobbeknapp på skulen si heimeside kan vere ei god ordning som gjer at kanskje fleire elevar tør å seie ifrå, seier ungdomspolitikaren.

– Slik det er no er det nok

mange ungdommar som opplever at det ikkje er så lett å melde frå om mobbing, anten ein vert mobba sjølv eller ein ser at andre vert mobba.

Helene Skår rosar utvalsleiar Karianne Torvanger for positiv innstilling til innspelet hennar, og fylkeskommunen for rask saksgang.

Mobbeombod for skule og barnehage

Mobbeknappen vart vedteken i samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune oppretta mobbeombod. Dette skjer etter innspel frå Utdanningsdirektoratet. Mobbeombodet skal støtte og rettleie born, elevar og foreldre slik at dei får ivareteke rettane sine til eit godt psykososialt miljø i skule og i barnehage.

I hovudsak er ombodet avgrensa til å gjelde barnehage og grunnskule, men ansvaret er lagt til fylkeskommunen for å gjere ombodet uavhengig frå eigarane av barnehagane og grunnskulane.

Mobbeombodet skal også samarbeide med elev- og lærlingombodet, som jobbar for elevar og lærlingar i vidaregåande skule.

Ordninga med mobbeombod og gjeld i første omgang fram til 31.12. 2019, og vert finansiert med 50 prosent statlege midlar.