Bodskapen vart framført då Stortingets utdannings- og forskingskomité heldt høyring i saka torsdag.

– Ei norm som skal oppfyllast på barnehagenivå må også kostnadsbereknast på barnehagenivå. Ei nasjonal norm for bemanning må finansierast ut frå dei reelle kostnadane den påfører kommunesektoren og det må sikrast ei overgangsordning for private barnehagar fram til 2020, seier direktør for interessepolitikk i KS Helge Eide.

97 av 126 høyringssvar frå kommunane set fullfinansiering av pedagog- og bemanningsnorma som føresetnad for støtte til forslaget.

Regjeringa har foreslått å lovfeste eit minimumskrav til grunnbemanninga i barnehagar. Kravet inneber at det minst skal vere éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år. Forslaget skal setjast i verk allereie frå 1. august 2018.

Private barnehagers landsforbund (PBL) har åtvara mot konsekvensane av forslaget og hevdar at éin av fire små barnehagar kan komme til å måtte stengje dørene som følgje av norma.

Forslaget vart opphavleg fremma av KrF, som meiner bemanningsnorma er ein stor siger for dei yngste barna.

På barnehage.no kan du lese alt om regjeringa sitt forslag til den nye norma for barnehagar om krav til bemanning.

(©NPK)