Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, og prosjektleiar Rune Sjurgard ber folk å spørje om noko er uklart i høve nye Volda kommune.

– Vi forstår at informasjonsbehovet er stort, og det er utfordrande å nå alle med informasjon, seier Lødemel. Nye Volda har etablert si eiga heimeside, men Lødemel forstår at nokon er ukomfortable med bruken av digitale verktøy.

– Tilsette på servicekontoret kan hjelpe med naudsynt informasjon, seier Lødemel.

Like partar

– Vi kan vere stolte av prosessen så langt. Å byggje ein ny kommune er omfattande, men vi har ikkje møtt nokon større skjær i sjøen enno, seier Stig Olav Lødemel som også er leiar i Fellesnemnda for nye Volda. Han skryt av «storebror» Volda som frå start har behandla Hornindal som likeverdig part.

– Det beste eksempelet er at antal representantar i Fellesnemnda er likt fordelt. Ja, om ein tel mi dobbelrøyst så har Hornindal faktisk fleirtal, seier Lødemel med glimt i auge. Fellesnemnda har same mandat som eit kommunestyre og kan binde den nye kommunen både juridisk og økonomisk. Eit døme er prosjektet «Nye næringar på gamle tufter» som vert lokalisert i Hornindal.

Digitalisering, sysselsetting og kompetanseutvikling er spesielle satsingsområde for nye Volda, og Lødemel meiner det er viktig for ein framtidsretta og moderne kommune.

Godt klima

– Samarbeidet har gått svært bra, fortel Lødemel. Han meiner dette kjem av god kjemi mellom partane. Mykje arbeid er gjort for å finne fram til korleis nye Volda skal vere, til dømes med tal på medlemmar i kommunestyre, formannskap og ulike utval. Nytt politisk reglement og delegasjonsreglement er også utarbeidd.

– Vi må sikre lokaldemokratiet. Korleis dette skal sikrast etter samanslåinga er eit område vi er spesielt opptekne av, sier nemndleiaren. Mange lurer på korleis Hornindal vert representert etter valet i 2019. Lødemel vonar dei ulike politiske parti er medvitne i høve nominasjonsprosessen.

– Vi legg opp til å nytte grendautval som høyringspartar. For Hornindal er det aktuelt med eitt felles grendautval, opplyser Stig Olav Lødemel. Han presiserer at om kommunane skal lukkast med samanslåinga, må ein også lukkast med å inkludere alle innbyggjarane, uavhengig av kvar dei bur i nye Volda.

Stor organisasjon

Med kring 1.000 tilsette får nye Volda ein stor organisasjon.

Prosjektleiar og framtidig rådmann, Rune Sjurgard, framhevar at ingen tilsette skal miste jobben når samansmeltinga skjer. Leiinga satsar på god dialog og god prosess slik at alle skal kjenne seg sett og forstått. Fokus no er toppleiing. Desse vert i hovudsak innplassert internt, men stillinga som kommunalsjef for samfunnsutvikling vert lyst ut eksternt. Rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, blir assisterande rådmann.

– Etter ferien startar prosessen med å organisere sektorane, og full gjennomgang av tenestene, rutiner, arkiv, dataprogram og avtaler. Det skal utarbeidast ein bemanningsplan og dette er ein stor jobb, seier Sjurgard. Han understrekar at basistenestene skal vere gode i alle delar av nye Volda.

Sjurgard seier det i hovudsak er leiarar og tilsette i rådmannsstaben som vert berørt i organiseringa.

– Fram til organiseringa av sektorane er på plass kan ein ikkje kome med meir konkret informasjon i høve dette, seier prosjektleiaren, som før ferien skal vitje alle dei større arbeidsplassane på Grodås.