Hans Guddal har søkt kommunen om dispensasjon frå kommunedelplanen for å frådele eksisterande kårbustad med garasje frå garden heime på Guddal i Hjelledalen.

Bakgrunnen for søknaden er eit generasjonsskifte der sonen skal ta over det andre huset. Dagens kårbustad, som Hans har budd i sidan 1977, ligg i utkanten av eigedomen med tilkomst frå lokal veg. Guddal skriv i søknaden at både han og sonen ser det som formålstenleg med overføring av garden.

– Frådeling har ingen innverknad på ei eventuell vidare drift av garden. Sjølv la eg ned drifta i 2005 og sonen min har ingen planar om landbruk. Eg forstår ikkje kvifor dette skal vere eit problem, seier Guddal.

Drifts- og miljømessige ulemper

Problemet, ifølge Fylkesmannen si landbruksavdeling, er at ein frådelt bustadeigedom i eit aktivt jordbruksområde, med grense til fulldyrka og lettdrivne jordbruksareal, kan føre til drifts- og miljømessige ulemper for landbruket.

Frådeling Kårhuset (innringa) som Hans Guddal bur i, ønskjer han å frådele frå garden. Kommunen vil gje dispensasjon t.d. for at tomta ligg i utkanten av jordbruksarealet og ikkje krev ny veg.

– Ein frådelt bustadeigedom vil vere fritt omsetjeleg til andre og nye eigarar. Sjølv om denne eigedomen i dag er utan sjølvstendig drift, må vi i plansamanheng vurdere bruken av jordbruksareala i eit lengre tidsperspektiv, skriv fylkesmannen som legg særleg vekt på at området er registrert som kjerneområde for matproduksjon, der nettopp landbruket skal prioriterast.

– Etter vår vurdering vil plasseringa av ein frådelt bustadeigedom inne i eit viktig jordbruksområde, tale sterkt i mot at det vert gjeve dispensasjon, heiter det mellom anna i fylkesmannen si vurdering.

Rådmannen tilrår dispensasjon

Fylkesmannen peikar på at det først og fremst er areal- og ressursdisponering som er relevant i dispensasjonsvurderinga, og at personlege og private tilhøve normalt ikkje skal vektleggjast etter plan- og bygningslova § 19-2.

Stryn kommune tilrår tvert i mot å gje dispensasjon og viser til at dei tidlegare har gjeve dispensasjon til frådeling av parsell m/bustadhus når dei har lege i utkanten av jordbruksareal og at frådelinga ikkje har ført til bygging av t.d. ny veg.

Saka skal handsamast i teknisk utval tysdag.