Meldinga gjeld uro for helse- og omsorgstenester, spesielt med tanke på stor forventa auke i talet på eldre. Dei nemner store forventningar, og at at dette ikkje på noko måte står i forhold til dei økonomiske rammene som kommunane så langt har fått for å løyse oppgåver.

Rådet i Stryn oppfordrar alle parti på Stortinget til på nytt å vurdere kommunane sine tilskotsrammer opp mot mangfaldet av nye oppgåver det vert forventa at dei skal løyse.

Dei er også bekymra for at årlege kutt i kommunane sine budsjettrammer går ut over deira evne til å levere forsvarlege tenester til innbyggjarar i alle aldrar, også førebyggjande tilbod.