– Vi har ein tropp som ser ganske bra ut akkurat no, så å kome på øvre halvdel av tabellen bør vere ei målsetjing for Oppstryn.

Orda tilhøyrer spelande trenar Tarald Harstad. Tysdag sesongdebuterte laget med 5-1 siger borte mot Hyen.

Treningskampar

– Det burde vi helst ha hatt, men sesongstarten kom brått på i år òg. Det var veldig sytalaust i fjor då Loen/Vikane inviterte oss på treningskampar, slik at vi fekk eit par kampar med kort reiseveg.

Verken Loen/Vikane eller Hornindal stiller lag i år.

Spelarar inn

Lars Midthjell Gjørven

Kjell August Ytre-Eide

Jonathan Silden

Spelarar ut

Terje Guddal (lagt opp)

Erlend Erdal

Truleg vil også andre spelarar forsvinne i sommar.

Stallen

Lars Guddal

Magnus Guddal

Kjell Sunde Haugen

Lars Midthjell Gjørven

Håvard Sandvik Sæterlid

Eskil Sørum Olsen

Peter Siket

Jonathan Silden

Sander Øen Omberg

Martin Nesje Lindvik

Tarald Harstad

Andreas Sanchez Guddal

Kjell August Ytre-Eide

Fredrik Svarstad

Rasmus Bø

Lasse Hjelle

Håvard Nygård

Oliver Kirkeeide Næss

Andreas Guddal

Mål for sesongen

– Det er alltid litt vanskeleg å vite korleis laga stiller, då det gjerne er litt utskiftingar mellom sesongane. I tillegg er det vanskeleg å vite korleis 2. laga er, seier Tarald Harstad.

Nygård blir viktig

– Vi beheld heldigvis Håvard Nygård, og han er ein særs viktig mann for laget slik han styrer laget frå midtforsvaret. Elles er der i grunn fleire spela rar eg håpar kan markere seg positivt i år, fortel Harstad, som kunne nemnt mange fleire spelarar som kan vise seg fram.

Eid 2 avdelingsfavoritt

– Kven ser du på som favorittar i avdelinga?

– Igjen litt vanskeleg å vite med 2. lag, men Eid 2 var veldig solide i fjor og kjem nok til å vere høgt oppe i år og. I tillegg kjem nok Haugen til å ta mykje poeng. Elles er der litt nye lag i gruppa som eg ikkje har peiling på korleis stiller, avsluttar Tarald Harstad.

6. divisjon avd. 3

Desse laga spelar i 6. divisjon avd. 3 i 2018-sesongen:

Breimsbygda/Jølster 2, Eid 2, Flatraket/Skavøypoll 2, Haugen, Hyen, Oppstryn, Sandane 2, Stadlandet/Åheim, Tornado Måløy 2.

Tarald Harstad og Oppstryn slo Hyen 5-1 i seriepremieren tysdag. Foto: Thomas Thaule (arkiv)