To mjølkeprodusentar frå Stryn har også motteke Sølvtina, som er TINE si utmerkjing til prosudentar som har levert elitemjølk i 15 år.

Sølvtina vart tildelt Hans Sætren, Stryn og Torhild og Anders Kirkeeide Kleppe og Kristen Magne Kleppe, Stryn. Også denne utdelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i går kveld i forkant av TINE sitt årsmøte.

Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, vert heidra med Sølvtina.

TINEs styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt stod for utdelinga på Lillestrøm måndag kveld.

Styreleiar Trond Reierstad seier han erer stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av TINE sine heidersprisar, både Sølvtina og Mjølkespannet, er.

– Bak prestasjonane ligg yrkesstoltheit, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle delar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte, seier Reierstad i ei pressemelding.