I samband med kommunen sitt spareprosjekt i 2013 vart det bestemt å kutte køyregodtgjersla til kulturskulelærarene. Så lenge ein har hatt lærarar som sjølve har vore busett ute i distrikta har det til ein viss grad løyst seg ved at dei har teke undervisninga der. No ser ein derimot at grep bør gjerast for å fange opp alle dei som har utfordring med å stille på undervisning i lokala i Stryn.

– Vi ser at mange frå utkantane ønskjer kulturskuletilbod, og vi har forståing for at det å køyre til Stryn for 20 minutt kan vere problematisk, sa skule- og kultursjef Hilde Lødøen. Ho presiserte at ein i så fall måtte gjere om på vedtaket frå 2013 og få køyregodtgjersle inn att i budsjettet.

– For dei ute på bygda med avgrensa busstilbod, og vanskeleg for foreldre å ta seg fri, så tenkjer eg at dette er naturleg å vurdere for å få søkjartala opp, kommenterte Ole Johnny Nesdal (Sp).

Kari Synnøve Muri (Krf) og utvalet støtta at det vart fremja sak om å igjen yte køyregodtgjersle til kulturskulelærarane.

– Eg støttar at vi fremjar sak om å oppheve vedtaket frå 2013 og legg til rette for at tilbodet blir reelt for alle i kommunen, var Kari Synnøve Muri (Krf) si klare meining.