Ni bilistar fekk forenkla førelegg i ein kontroll gjennomført av UP onsdag kveld. Politiet målte farta i 80-sona på rv 15 ved Kjøs. Høgste målte fart var 99 km/t. Dei aller fleste som passerte laserkontrollen køyrde på fartsgrensa eller litt under.

28 førarar vart kontrollert for promille og alle fekk køyre vidare.