Seks mjølkeprodusentar frå Nordfjord har motteke TINE sin høgthengande pris Mjølkespannet for å ha levert feilfri mjølk i meir enn samanhengande 25 år.

Totalt 51 mjølkeprodusentar vart heidra med Mjølkespannet under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i samband med TINE sitt årsmøte. Av desse var heile seks frå Nordfjord,:

Lars Henrik Skår og Alice Sørensen Skår, Stryn, Petra Ida Fosnes, Oppstryn, Sølvi Karin Nyberg Bergset og Kjell Ove Bergset, Blaksæter, Randulf Lillebø, ÅheimOve Herland, Fiskå og Ragna Orheim Rafshol og Martin Rafshol, Stårheim.

Mjølkespannet er ein ny heiderspris som vart utdelt for første gong i år. Kravet er samanhengande 25 år med elitemjølk.

Kontrollert kvar dag

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Mjølka vert mellom anna analysert for celletal, bakterienivå og frie feittsyrer. Mjølka må også vere totalt fri for medisinrestar, noko som vert kontrollert ved kvar einaste mjølkehenting.

Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og over 9.100 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta den ekskulsive prisen

TINEs styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt stod for utdelinga på Lillestrøm, og var imponerte over prismottakarane si dyktigheit og grundigheit.