Om du er bilinteressert og har lyst å møte likesinna, ja då er kanskje «Cars & Coffee» noko for deg.

Am Car Stryn presenterer nemleg konseptet «Cars & Coffee» for første gong i Stryn sentrum på søndag.

Konseptet, som har sitt utspring i USA, går ut på at bilinteresserte møtest til eit uformelt biltreff på tvers av merke og pris på bil eller MC. Trondheim var byen i Norge som var først ute med å arrangere «Cars & Coffee». No prøver altså stryningane seg på det same.

– Stranda og Storfjorden har hatt liknande arrangement tidlegare, opplyser bilentusiastane i Stryn.

– Her kan vi møtast, drikke kaffi, køyre litt rundt og elles berre prate bil, seier Øyvind Fenn, som oppfordrar alle bilinteresserte til å møte opp.

Autoslalom

Arrangøren har også ein aldri så liten godbit på lur. Tidlegare norgesmeister i autoslalom, Egil Lundanes, kjem.

– Vi kjem til å arrangere ei runde med autoslalom nede ved brannstasjonen, så det er berre å vere med på det om ein har lyst, seier Hans Auflem.

Om bilmerket er tysk, amerikansk, japansk eller noko anna spelar ingen rolle når det blir arrangert «Cars & Coffee». Foto: Thomas Thaule
Bilentusiastane ser fram til det første «Cars & Coffee» i Stryn. Foto: Thomas Thaule