Heile 105 konfirmantar er engasjert i konfirmantmusikalen «Sett, avslørt og elska». I korte trekk handlar musikalen om utfrysing og eteforstyrringar, men mest av alt om å bli sett av andre.

Søndag 29. april skal alle 105 konfirmantane i Stryn og Hornindal kommunar framføre ein spennande musikal som heiter Sett, avslørt og elska. Musikalen blir vist i Stryn kulturhus.

Konfirmantane har jobba med musikalen nokre helgar og gler seg til å framføre for publikum.

Temaet for musikalen er nåde, og det blir presentert gjennom dans, drama, song, PR, og scene

I korte trekk handlar musikalen om utfrysing og ete forstyrringar, men mest av alt handlar den om å bli sett av andre.

Konfirmantane er delt inn i grupper med forskjellige oppgåver. Dansegruppa har lært seg et par nye kule dansar som dei skal framføre og drama har lagd og øvd på eit skodespel til musikalen. Nokre av konfirmantane skal spele i band, medan andre får synge solo. Dei fleste konfirmantane øver også inn mange songar til koret. Scene og kulisser jobbar hardt for å lage til alle kulissene til scena, og PR jobbar med å lage god reklame for Musikalen.