Brannvesen, politi og ambulansemannskap har rykka ut til ein bustadbrann på sør-sida av Stryn sentrum. Brannen vart meldt ved 23.00-tida. Fjordingen sin reporter på staden, Roger Oldeide, fekk opplyst at heile huset er tomt for folk.

Folk vart bedne om å halde avstand grunna eksplosjonsfare frå to gassflasker i huset. Desse er no uskadeleggjort og brannen er sløkt.

- Brannen starta i kjellaretasjen, men det er framleis uvisst korleis brannen oppstod, opplyser politiet på staden.

Det skal ha vore ein nabo til bustaden som varsla brannmannskapet som var raskt på staden. Brannmannskapet måtte knuse eit vindu for å ta seg inn i leilegheita.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på flammane, men grunna eksplosjonsfare vert folk bedne om å halde avstand Foto: Roger Oldeide

- Brannen var sløkt på ti minutt, så dette var effektivt arbeid. Ingen kom til skade og det er no kontroll på situasjonen, seier politiet på staden.

Brannmannskap frå Olden og Hornindal vart kalla ut for å bistå.