Styret i Vikane Tannlegekonktor har vedteke å avvikle drifta.

- Sterk nedgang i antal pasientar og dermed sviktande økonomi gjer at vi ikkje lenger finn det forsvarleg å halde fram. Siste driftsdag blir måndag 18. august, opplyser styreleiar Arnt Bøe.

Vikane Tannlegekontor AS vart oppretta for 11 år sidan. Dette som fylgje av at Innvik mista den offentlege tannhelsetenesta.

- Vikane Tannlegekontor AS er eigd av verksemder og organisasjonar. Vi har hatt mange gode år, men med sviktande kundegrunnlag forsvann økonomien for vidare drift. Dette tek vi konsekvensen ved  å avvikle drifte på ein ryddig måte, seier Arnt Bøe til Fjordingen.

- Det er ikkje snakk om konkurs?

- Nei, vi får rydda opp i det økonomiske ettersom noverande tannlege og tannlegeassistent vart tilsett for mindre enn eit halvt år sidan - noko som betyr kortare oppseiingstid.

- Finst det mulegheiter for vidare drift?

- Nei, utifrå styret si vurdering er det  i dagens situasjon ikkje kundegrunnalg for tannlegekontor i Vikane. Men eg må understreke at oppløysing av selskapet skal handsamast på ekstraordinær generalforsamling, sluttar Arnt Bøe.