Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fekk seg ein veg-vekkar av dei sjeldne då dei i føremiddag var på synfaring på fylkesveg 60 gjennom Hornindal til Møre grense. Ikkje berre fekk dei sjå smal og humpete veg med svake vegskuldre. Dei fekk også sjå ei bru på Raftevolld som var støtta opp ved hjelp av stokkar. Dette medan tunge køyrety i hopetal frå verksemder  som t.d. Ekornes og Ringdal passerer mange gonger dagleg.

Transportnæringa var rikeleg representert på bussturen. Det var også politikarar og ordførarar frå nabokummunane. Dei ba om at fylkespolitikarane måtte finne løyvingar.

- Vi står klare saman med Hornindal for å få til ein ny reguleringsplan. Dette er pulsåra for transport av råvarer og ferdigvarer i  den store næringsmiddelindustrien i Stranda kommune. Det er eit paradoks at denne vegestrekninga er skote ut i tid når stat og fylke har engasjert seg så sterkt i rasssikring, sa Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad mellom anna.