Politiet i Stryn og Hornindal held fram kontrollane på skulevegar i distriktet. Onsdag ettermiddag heldt dei kontroll i 60-sona forbi Hornindal skule. Der vinka politiet inn ein bilførar som var alt for tung på gasspedalen. Vedkomande vart målt til 88 km/t. Det er to km/t over grensa for å miste førarkortet. Dermed må føraren rekne med å vere fotgjengar ei stund framover.