Rekneskapen for første halvår syner at SFE har eit resultat på 343 millionar etter skatt. 305 mill betre enn året før.

Men dei gode tala skuldast ikkje først og fremst den ordninære drifta i selskapet. Den forklarar berre 22 millionar, noko som også er 16 millionar bak fjoråret. Trass auka kraftproduksjon bidrog låge prisar til eit dårlegare resultat her.

Det er først og fremst salet av Leirdøla kraftverk i Luster, kor SFE hadde ein eigarpost på 35 %, som no kjem til syne i rekneskapen, i følgje ei pressemelding frå energiselskapet. Denne vart selt til Statkraft hausten 2013. Den rekneskapsmessige salgsverdien var på 513 millionar kroner.

Samstundes bidreg ei nedskriving av kraftverk i Svelgen, kor også SFE sit med ein betydeleg eigarpost (56%), til ein reduksjon i resultatet på 200 millionar.

- Resultatet frå den ordinære drifta er svakare enn det vi skulle ønske, spesielt som følgje av låge straumprisar og ei lågare inntektsramme for nettverksemda. Når vi i tillegg får ei nedskriving på kraftproduksjonen er det ekstra kjekt å sikre ein sterk salsgevinst frå Leirdøla som gjer at halvårsresultatet likevel blir svært godt, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

Det er resultatet frå den ordinære drifta som blir lagt til grunn for utbyte, ikkje dei ekstraordinære postane med salsgevinst frå Leirdøla, opplyser styreleiar Per Kjøllesdal.