Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i landet med 2,0 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. Tala for indre Nordfjord viser at Hornindal ligg under fylkessnittet med 1,6 prosent arbeidsløyse medan Stryn ligg over med 2,2 prosent.

Samanlikna med same periode i fjor har Hornindal ein liten auke i tal ledige medan Stryn har nedgang.

1.132 var heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane ved utgangen av august. Det er 28 færre enn i august i fjor, ein reduksjon på to prosent.  Med 2,0 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. På landsnivå har arbeidsløysa auka med sju prosent og er no på 2,9 prosent, opplyser NAV i ei pressemelding.