Geir Egil Roksvåg fann fort tonen med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug under hennar besøk ved Nordfjord Kjøtt. Dei hadde openbart likt syn på fleire saker som vart omsnakka under omvisninga i den suksessrike bedrifta. At ho er den einaste landbruksministeren som har vore på besøk sidan Torstein Treholt i 1974, gav nok ho ei ekstra fjør i hatten.

Listhaug var tydeleg imponert over det ho såg.

- At dei driv så godt og effektivt ute i distriktet er imponerande, sa ho mellom anna.

Sylvi Listhaug besøkte også storbonden Ola Inge Seljeset i Hornindal. Ein bonde som har investert 7 millionar i robotisert mjølkefjøs siste året. Også han uttrykte glede over besøket, men der var det helst merknader og lite fjør som vart delt ut når Frp sin landbrukspolitikk var oppe til diskusjon.

Les meir om statsrådbesøket i måndagsavisa av Fjordingen.